Vi treftest her om kvelden og vart enige - det er på tida med ein spelmannstur til Røros. Heilt frå Fel- Jakup og Karl Fant for i lag for snart 200 år sia har det vore samspel og livleg lag mellom Gudbrandsdalen og Røros. No lyt vi dra i gang att! Vi tek med oss feler og trekkspel og kutar over fjellet.

Torsdag 17. februar stoppar vi i Dalsbygda. På Kølbua har vi vore mang ein gong, og no kjem vi att med musikk som har vore på ferdasvegen før, og vi – det er Geir Marius Thorud, utan hest men med trekkspel, og Øystein Rudi med fele.

Konsertstart kl 19:30