Mange gode minner med seterdrift frå barnsår av  har gjort at eg i fleire år har tenkt at det hadde vore moro å prøve meg som budør. Difor tok eg kontakt med Jon Magne Henningsmo allereie i april og forhørte meg om moglegheiten til å vere på Nirsvollen ved Setersjøen, ettersom gammelbudeia signaliserte at ho skulle slutte.

Som liten gut var eg ofte med på Krokvollen (men gjorde kun dei enkleste oppgåvene), men det er nokre år sidan det var seterdrift der. Mye av det rutinemessige og tekniske måtte difor læres, men det gjekk forsåvidt greit når ein er oppvaksen kring dyr og fjøslukt.

Handmjølking (spire av spena) var kanskje det som krevde mest teknikk og tok lengst tid å lære seg, men når ein mjølker 38 spener to gonger om dagen så kom det seg fort. Etter eit lynkurs heime i Kroken fikk eg også prøvd meg som ordentlig budør då eg fikk medsent ostløpe og tok til å yste ferskost av 4L mjølk. Ferskost med salt, pepper og graslauk vart vellykka, og eit forsøk på å koke inn mysen som var atte resulterte i heimelaga mussmør. Mølskekoking sto også på programmet, vart dog litt tørr. Alt i alt kunnskap som det er moro å ta med seg.

Eg har vore heldig med været, og kyen har for det alle meste vore snill. I Sommar har eg hatt 10 mjølkky, 2 sinky, 6 ungdyr og 2 kalvar, til saman 20 med 18 på utmark. Dei har oppført seg greit, men nokre forsøk på heimtur, og nokre seine kveldar heim frå Undliåsen har det vorte.

19. juli vart ein sein dag på arbeid då det framleis mangla eit ungdyr då eg var ferdig med mjølking. Nabobudeia var med på leiting og etter ei stund fant vi kviga i eit myrhol eit par kilometer nord for vollen. Ho hadde det etter forholda bra, men var sliten og nedkjølt. Ei snarrådig nabobudeie og gode hjelpere med ATVer gjorde at redningsarbeidet gikk fint, og kviga klarte seg bra. Ho vart i ettertid ei av dei meir kjelene dyra.

Dei gamle tradisjonane med budeie/budør-besøk eksisterer i høgste grad framleis, men det spørs om budeiebesøk er meir populært, men det må nesten nabobudeia svare på.

Det har vore veldig fint å vere på Nirsvollen, og det er heilt klart ei oppleving og erfaring eg ikkje vil vere forutan. Vêret har vore fint i store delar av tida mi der, men det er godt å ha ein Jøtul når gradstokken syner -1 og det er rim i graset når ein skal ha inn ky om morgonen. Seterlivet er noko eg anbefaler på det sterkaste å prøve, då det er noko eiget i det å jobbe tett på dyr, og faktisk skaffe seg litt førstehandserfaring frå den viktigaste næringa vi har. Kven veit, kanskje blir det fleire sommarar i slikt arbeid. Eg kjem i fall til å leve lenge på dette når hausten og vinteren senkar seg over Oslo.